Jada, nok ein vest. Og denne gongen eit heilt nytt mønster. Dale garn har komme ut med nye hefter og i baby 298 fann ein skjønn rosa vest på ei jente. Sidan eg ikkje har noko lita jente å strikke til for tida, måtte eg lage ein guteversjon som eg kunne sende til Snella sin Skjønnas. Eg hadde igjen beige og gul alpakka frå Leftie som eg strikka før jul, og fann to blåfargar som eg truleg har hatt ein anna plan for ein gong. Akkurat passe mykje mønster for meg som framleis har litt mønstervegring innimellom, og eit kjapt prosjekt gjort unna på ei nokre kveldar. Eg strikka den med maskeantall til str 1 år, og litt kortare lengde sånn at den skulle bli ca str 6-9mnd.
Knappane er dei siste frå ein tur innom Nøstebarn for mange år sidan. Ein god grunn til å stikke innom neste gong eg er i nærheten, for sånne små knappar som skiftar litt farge i ulikt lys passar til mange prosjekt. Perfekt å ha i lageret.
- Nøstet -
