To innlegg i løpet av ei helg, det er jammen meg lenge sidan sist. :) Dette teppet var ferdig 30.desember og er ei gåve til ein liten gut som ventast til verda om om lag to veker. Det er strikka i Drops Lace, pinnenr 3,5 mm og det gjekk med 130 gram.
Klikk gjerne på biletet så vert det større.
Det er strålande ver om dagen og det har vore ei fantastisk flott helg. Store delar av familien til mannen min har vore heime, og det er alltid kjekt! Saman har me gjort alt frå å plukke stein i lag på eit attlegg til å grille, slappe av og kose oss i grillhytta som du skimtar nede til venstre i biletet.
Ønskjer alle ein fantastisk fin sommar og takk for at nettopp du tar deg tid til å kikke innom bloggen. Og har du lyst til å legge att ein liten kommentar er det veldig koseleg. Eg lovar å ta turen innom deg igjen, dersom du har blogg, men eg kan ikkje love at det vert med ein gong. :)