Det er alltid artig å sjå reaksjonane når ein fortel utanlandske vener om norsk barnehagepolitikk og at norsk sommar er babyboomtid. Så langt kjenner eg seks augustbarn, og tida strekk derfor berre til til babysokkar. For å gjere det litt meir interessant har eg begynt å gi dei vekk på bamsar.
*
*
No er gåva til dei to siste tullene klare, sokkar i lilla, kvitt og ymse gråfargar. Mønsteret er det same som eg alltid brukar, garnet er babyull frå Gjesdal, og pinnane heiter 2,5.
*
*
I hekla blomsternål i dei same fargane til storesøster til eine tulla ligg også klar. Og neste sokkepar er sjølvsagt på pinnane alt. Her er det berre å henge i.
*
-Snella-
