Quantcast
Channel: Strikkeblogger | Norsk Strikkeblogg oversikt » baby
Viewing all articles
Browse latest Browse all 448

Ekstra fint hekla helseteppe

$
0
0

Ei veldig etterlengta lita gulljente har endeleg komme til verda. Det var aldri nokon tvil om at ho måtte få det mjukaste, skjønnaste og beste babyteppet eg nokon sinne har laga.

.

Hekla helseteppe.

Sjølv om Drops BabyAlpaca Silk er litt vanskeleg å jobbe med, er det så mjukt og godt at eg valte å heller banne litt over heklenåla. Både garn og farge er det same som i havskumteppet kusina fekk. Det hekla helseteppet eg laga til Fikslein i fjor, har vore heilt supert, og skulle eg begynt igjen, hadde eg nok gjort det på same måte denne gongen. Men så er det jo gøy å prøve nye mønster. Eg brukte lang tid på å finne det rette, men landa til slutt på Mossy Blanket, som ligg med gratismønster på Ravelry. Effekten vart dessverre ikkje den same med mitt garn.

Eg ville ha eit større teppe enn vanleg og brukte dessutan ei tynnare heklenål (2,5) for å få teppet pent og tett nok. Dermed måtte eg legge opp 160 masker. Dei endelege måla er 69×91 cm. Mønsteret er enkelt: Ein stav og ein dobbelstav i annankvar luftmaske, og det same i dobbeltstaven på tilbakevegen. Det har gått med seks nøste garn og frykteleg mykje tid, men det har det jammen vore verd. Teppet fell kjempefint og ligg så godt og lunt og trygt rundt babyen.

.

Hekla helseteppe i bruk

.

Heklakanten rundt teppet er etter mønsteret, men på siste omgang har eg brukt restane etter Bellakjolen til kusina. Etter kanten var det var akkurat nok garn att til eit hekla hjarte til pynt nede i venstre hjørne.

.

Detalj frå babyteppe - hekla kant og hjerte

Hjartet er hekla etter enklaste mønster:

Legg opp tre luftmasker. Hekle ei fm i den første luftmaska. Snu alltid med to lm, Auk med å hekle to fm i same m etter dei to lm i starten av kvar omgang og dessutan i slutten av omg. til hjartet er så stort som du vil ha det. På toppen av hjartet heklar du fm over halvparten av maskene på eine sida og heklar to fm saman i starten og slutten av kvar omgang til du har to m att. Gjenta på hi sida.

-Snella-



Viewing all articles
Browse latest Browse all 448


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>